Brakanes Hotel - Ulvik
Hovedsiden
Program
Forelesere
Praktiske opplysninger
Tidligere konferanser
Kontakt oss

Arbeidsmiljøprisen 2011 er tildelt Fusa kommune. (Pressemelding)

| onsdag 19.oktober 2011

Arbeidsmiljøprisen 2011 er tildelt Fusa kommune på årets store arbeidsmiljøkonferanse i Ulvik.

Kommunen fekk keramikar Kyrre Grepp sin flotte veggutsmykking for arbeidsmiljøsatsinga Fusa i farten.

Humør og helse er essensen i det lokale initiativet frå kommunen sitt eige arbeidsmiljøutval, AMU. Oppstart var 18. februar i år. 28. oktober byr kommunen dei tilsette inn til å toppe det heile med haustfest der m.a. Are Kalvø held kåseri.

Tilsette, tillitsvalte, vernetenesta og leiarar på alle nivå slutta heilhjarta opp og Fusa i farten har fått merksemd i media.

FUSA I FARTEN handlar om trivsel og fysisk aktivitet. Rundt 470 hadde vore aktive, organisert i 20 lag ledet av 20 lagkapteinar på arbeidsplassane. Over 200 mill steg er registrerte på stegteljarane.

Juryen hadde denne grunngjevinga: 

  • Lokal og eigenutvikla satsing der alle dei lokale partane har eigarskap
  • AMU har teke oppgåvene sine alvorleg, og med godt humør, sparka det heile i gang
  • Fokus på og helse og fysisk aktivitet
  • Gjennomført på inkluderande måte, der uvanleg mange deltek på like fot
  • Satsinga knytt saman det at dei tilsette kjem i form med kulturelle opplevingar
  • Tiltaket fekk stor oppslutning

Les meir på fylgjande lenkar:

http://issuu.com/fagbladet/docs/fagbladet-2011-04-kir?mode=embed&layout=http%3A%2F%2Fskin.issuu.com%2Fv%2Flight%2Flayout.xml&showFlipBtn=true&logo=http%3A%2F%2Fgfx.api.no%2Fimage-versions%2Fwww.frifagbevegelse.no%2Fa%2F01301%2F1181894297000_fagbladet_logo_2_1301305a.png&logoOffsetX=5&logoOffsetY=5

http://www.fusaifarten.blogspot.com/

http://www.fusa.kommune.no/default.asp?PageID=999

http://fusa.kommune.no/default.asp?PageID=2

Denne løsningen er utviklet av Designer Web